Spelet om Marikollen

Spelet er per dato den einaste teateroppsettinga i regi av frivillige som er aktiv i Skaun. Her kan du bli kjend med handling, bakgrunn og verdiar for Spelet. Vi har alltid plass for fleire - så om du tenkjer at dette verkar interessant, så vil vi gjerne at du tar kontakt med oss.

Om sjølve spelet

Temaet i spelet er historia om Marikollen, hoppbakken som var i drift på Viggja 1927-1957. Dette var ein av dei største hoppbakkane i Norge i si tid, med tusenvis av tilreisande og enorm dugnadsinnsats i bygda under dei mange renna som vart gjennomført. Dette dannar bakteppet for eit drama som blir lagt til midten av 1950-talet. Sjølve dramaet er fiksjon, men inspirert av både sanne historier, konkrete episodar og gamle rykte. Spelet handlar om Mari, ei ung jente med ein stor draum; ho vil hoppe på ski. Dette er sjølvsagt ikkje mogleg, jenter får nemleg ikkje hoppe på ski og i alle fall ikkje i Marikollen! (Mange fortel om hopparar som trekte seg frå renn når dei fekk sjå kor bratt bakken var). Ramma rundt handlinga er eit renn i Marikollen, og bygda står på hovudet for å få gjennomført arrangementet. Ved hjelp av list og mot lurer Mari seg med på deltakarlista for rennet, men ikkje alt går som planlagt, og ho møter på fleire uventa hindringar på vegen mot hoppkanten.

Det er rundt 20 roller med replikkar i stykket. Sidan handlinga er lagt til eit hopparrangement, er det likevel plass til mange statistar, og vi går breitt ut for å få med så mange barn og unge som mogleg. Hopprenna på 50-talet var ein folkefest, og vi ønskjer at scenebiletet skal representere dette. Det er òg viktig for oss at barn og unge får moglegheita til å delta på eit så stort og kreativt prosjekt. Spelet vil i hovudsak basere seg på amatørskodespelarar, men med Maja Aspås Teialeret som profesjonell i rolla som Mari, Annett Hjelkrem som regissør og Markus Wisth Edvardsen som musikalsk leiar - og med meir musikk enn i 2022. Vi gler oss!

Spelet skal vere til glede for både unge og gamle, kjente og ukjente. Til premieren i 2022 inviterte vi dessutan tidlegare hopparar som faktisk har hoppa i Marikollen. Det vil vi gjerne gjere igjen. Vi ordnar skyss til dei som ikkje kan kome seg frå parkeringa og bort til arenaen, og arenaen har sjølvsagt plass til rullestolbrukarar.  Vi planlegg 2 framsyningar med plass til 380 publikummarar på kvar framsyning.

Lenke til fullstendig prosjektskildring: Spelet om Marikollen

Denne produksjonen har to hovudformål; eit sosialt formål og eit kulturelt formål.  

Sosialt formål

Det sosiale formålet med denne produksjonen er å gi innbyggjarane i og utanfor bygda moglegheita til å delta i eit aktivt og sosialt bygdeliv. Sidan hausten 2022 har «Spelet om Marikollen» vore eit heitt samtaletema i bygda, og mange er engasjerte  for at spelet skal setjast opp att. Prosjektet vil også i år fokusere på å vere opent og inkluderande, og målet er at så mange som mogleg i Skaun får bidra med det dei vil og kan bidra med. På den måten vil prosjektet framleis leggje til rette for at folket i bygda får ein møtestad og eit felles prosjekt å engasjere seg i. Dette håpar vi vil føre til at fleire av innbyggjarane blir kjent med kvarandre, og at samhaldet i bygda vil vekse.

Kulturelt formål 

Det kulturelle formålet handlar om å ta vare på lokalhistoria, og å formidle ho på ein måte som både kan nå ut til flest mogleg og vere eit kulturelt bidrag i seg sjølv. Historiene om Marikollen er mange, men dei er i ferd med å gå i gløymeboka. Bakken er rive, og dei som veks opp på Viggja i dag har få kjelder til kunnskap om han. Dei som sit med historiene byrjar å bli gamle. Difor er det viktig at dei innsamla historiene, og kulturarven, får moglegheit til å leve vidare. Ved å bruke spel som formidlingsform vil historiene nå ut til mange; både alle dei som er med på produksjonen og, ikkje minst, alle som kjem for å sjå.

Følg oss på Facebook for mer om årets framsyning: https://www.facebook.com/speletommarikollen/

Billetta finn du på Hoopla: https://speletommarikollen.hoopla.no/

Kontaktinfo: https://mittskaun.no/forening?spelet-om-marikollen&id=392822



2024 © Foreningsportal