-
Hafsbuen/Lisbetsætra
Utfyllende tekst til skilting den trondhjemske vei
Hafsbuen/Lisbetsætra
Utfyllende tekst til skilting den trondhjemske veiHAFSBUEN
( < hafr: bukk/ -buen: fl.t. av bu: lite hus)
Garden var krongods fram til starten av 1700-t., da garden gjekk i handelen fleire gonger, til ulike embetsmenn og folk med militær rang.
Først i 1755 fekk bygselmannen Anders Einarsson bli sjølveigar. Både Anders og broren Ola vart tatt ut til militærteneste i Danmark, og familien flytta ut alt i 1765.
Folket her satt i små kår, og hadde gjeld m.a. til oberstinne Bull. Garden skifta eigar mange gonger fram til 1854, da Ola A. Otterstad kjøpte. Han og etterkommarane hans dreiv så Hafsbuen som avlsbruk og seinare sæter under Otterstad. (Kjelde: Per O. Rød)
DA LISBETSÆTRA VART GJESTA AV BJØRN
(Tragedien på Lisbetsætra sommaren 1819)
(Denne teksten bygger på det Per o. Rød skriv om garden i Skaunaboka, band 2.)
I tillegg har eg teke med noko frå «Historien om Lisbetsæter», eit lite hefte som truleg er laga i starten av 1990-åra, og brukt som informasjon til gjester på Lisbetsætra. Forfattaren er ukjent. (Ein del av opplysningane her tar utgangspunkt i segnstoff frå 1500-t., der m.a. ein Ola «Øra», g.m. «Elisabet/Lisbet», skal ha vorte drepen av ein tater i Sundlibakkan.)
Per O. Rød skriv ikkje om dette, men om ei anna Lisbet som tok over garden i 1623, da ho vart enke etter ein Anders. Rød meiner at det er denne Lisbet som har gjeve garden namnet.
Begge kjeldene nemner Lars Larsson, (f. 1764), og kona Berit Lødensdotter Skjellan, (f. 1765) som i 1819 vart ute for bjørn.
På folkemunne blir det hevda at dei to dreiv med slåttonna da ein slagbjørn kom fram frå skogen og gjekk til åtak på Lars. Berit høyrde ropet og kom på settand` tid med øksa heva mot bamsen. Ho greidde å skade bjørnen såpass at Lars slapp unna, men han var likevel såpass skadd at han døydde seinare på sommaren. Og bjørnen? Per O. Rød skriv at også bjørnen måtte bøte med livet.
Berit satt att med to døtrer, Ingeborg*, som alt var gift med Lars Myrind, og Kirsti, 12 år. Året etter bjørnedrapet gifta ho seg med drengen sin, Ola Olsson Kuvåssæter, (1789-1876). Berit var 24 år eldre enn han, men ho trong karhjelp. Og han vart velstandsmann og gjekk under namnet «Sætermannen». I 1840 kjøpte han attåt Grønlia. (Han skal ha dreve med heimeindustri).
Berit levde til 1843. (Året etter gifta Ola seg oppatt, og fekk to born med nykona. Som skikken var, kalla dei oppatt dottera etter Berit. Familien flytta fram i bygda, da Ola kjøpte Oppigard Fokset, og i 1875 vart Lisbetsætra avlsbruk.
*Ingeborg var bestemor til Lars O. Myrin, f. 1855, g.m. Karen Arnsdtr. Saltnes. Gjennom denne slektsgreina må bjørneskinnet ha komme til Saltnes, der det heng i dag.

